Forlaget skriver om denne boka: Hugsar du bestemor sine søndagsmiddagar? Snart er det berre dufta att av desse barndomsminna. For at ikkje klassikarane skal dø ut, har me banka på hos folk som hugsar litt meir enn oss.
I denne boka har me samla både oppskrifter og kulturminne frå det rogalandske kjøkkenet. Prøv deg på over 130 oppskrifter, og les meir om kva slag råvarer og utstyr som blei nytta, korleis maten blei konservert, og om ulike skikkar knytte til maten og måltida. Boka er illustrert med saftige og frodige bilete frå vår eiga tid.
Rett utafor døra vår er det berre å forsyna seg av både surt, søtt, salt og bittert. Dette er ikkje ei bok for "coffee-tables" men for kjøkkenbenkar!