Jobbe med etikk gir både ei innføring i allmenn etikk og yrkesetikk, og er illustrert med eksempel frå skole og arbeidsliv. Sentrale etiske omgrep blir forklart på ein oversiktleg og lettfatteleg måte, Samtidig legg boka opp til drøfting av yrkesetiske cases - situasjonar der enkeltiriennesket og yrkesurøvaraf må gjere etiske val. Boka kombinerer teoretiske og praktiske perspektiv, og inneheld ein eigen metodikkdel med idear til undervisningsopplegg.
Boka rettar seg mot yrkesfaglærarar, lærarstudentar og lærarutdannarar, men er interessant for alle som er opptekne av etiske spørsmål i arbeidslivet.
Forfattarane har gjennom mange år arbeidd med yrkesetiske spørsmål. Paul Leer-Salvesen er professor i teologi og etikk ved Høgskolen i Agder. Han har gitt ut ei rekkje skjønnlitterære og faglitterære bøker og har allsidig bakgrunn som fengselsprest, journalist og forskar. Kari Repstad er adjunkt ved Kvadraturen vidaregåande skole i Kristiansand og har i mange år vore timelærar i fagdidaktikk ved Høgskolen i Agder. Ho har vore medforfattar til mange lærebøker for yrkesfagleg studiererning i vidaregåande skole.