Forlaget skriver om denne boka:
Kjartan Fløgstad har reist i tropane i over tre tiår. Like lenge har han drøymt om å skriva denne boka, som fortel dei små historiene om tropehotella, og den store historia om europeisk kolonisering og ekspansjon.
I hundreåra etter dei store oppdagingane har tropane vore særleg hardt utnytta av det økonomiske verdssystemet. Men det er òg her vi finn den delen av kloden som ligg nærmast førestellingane om Paradis: I tropane flyt det av gull, sølv, sydfrukt og eksotisk krydder. Den dag i dag står dei gamle tropehotella igjen som arkitektoniske og kulturelle avtrykk frå møtet mellom global økonomi og lokale tradisjonar.