Dragarane ned i sjøen. Vinkelen med overflata. Overgangen frå eit element til eit anna. Luft til vatn, luft til jord, jord til vatn. Det vertikale norske landskapet. Fjelltoppen. Dalsida. Bygget som står i skakk og gjenstridig natur og søkjer feste i grunnplanet.
Kjartan Fløgstad fortel den fascinerande historia om Snøhetta, det norske arkitektfirmaet som har erobra verda med sine dristige og originale byggverk. Firmaet har vunne prestisjetunge arkitektkonkurransar heime og ute og står bak bygg som biblioteket i Alexandria og det planlagde operabygget i Bjørvika. Når Fløgstad fortel smeltar byggjekunst og diktekunst saman. Forteljinga om Snøhetta blir ei reise rundt i Noreg og ut i Europa: til fiskerimuseet på Karmøy og det nordiske ambassadekomplekset i Berlin, til Oslo sine bakgater og Turner-museet i Margate. Snøhetta er historia om eit stykke Noreg, og eit stykke Noreg i Europa, skriv Fløgstad. Han har laga ei spennande og annleis arkitekturbok for alle som ønskjer å kjenne byggjekunsten i vår eiga samtid. Boka er gjennomillustrert og har nynorsk tekst.