Forlaget skriver om denne boka:
Tru det eller ei: Denne boka handlar om ei kjempe. Ei sjenert kjempe, til og med. Kjempa Sam.
Og gjett kva: Det er ei BALUBAKRISE på gang denne morgonen. Sam har glømt av ha av seg skoa. I TO ÅR! Det stinkar død og grøne bein. Sam er livredd. Og no vil han reise til den staden som er lengst muleg unna folk - for å lufte skoa. Men kvar er det?
Heldigvis veit kjempebestefar Ottar råd. Saman legg dei ut på ei reise til det åttande verdshavet, der bestefaren var sjømann i gamle dagar.
Den vesle kjempeboka er ei sprelsk forteljing om ei uvanleg reise. Her er mykje spenning, sprø humor og boblande sjørøvarhistorier Men boka er - når alt kjem til alt - alvorleg nok. Det dreier seg om venskap og uvenskap, om korleis ein behandlar menneska rundt seg, og om å vere så stor at ein tør vere liten.
Tåfis-åtvaring! Denne boka inneheld sterke scener med tåfis! Bør lesas med klesklype om nasen!