Forlaget skriver om denne boka: Ein ettermiddag er,som Rønnaug Kleivas høyrespel Kvinner med fingermanualar, ei skarptskodande skildring av det moderne mennesket sitt behov for å halde ein tilsynelatande ytre kontroll i møtet med det skremmande og irrasjonelle. Vi møter ein familie som står andlet til andlet med døden. Under ei hinne av kvardagsleg normalitet lèt dei som om ingen ting skjer og at alt er som det skal vere.
Ein ettermiddag vart oppført på Scene 2 på Det norske teatret i juni 2004.