Handbok i norrøn filologi held fram der den norrøne grammatikken sluttar. Her får lesarane innføring i ti sentrale emne i den norrøne filologien - om handskriftene sjølve, om tilpassinga av det latinske alfabetet for norrønt, om lesing av runer, om dialektar i gammalnorsk og gammalislandsk, om syntaktisk utvikling frå urnordisk til mellomnorsk, om mellomnorsk språk i seinmellomalderen, om person- og stadnamn (med ei reise langs kysten), om norrøn verselære og skaldedikting, og endeleg har boka eit kortfatta oversyn over den norrøne prosalitteraturen.
Boka høver godt for studentar på høgskolar og universitet, men det er lagt vekt på å gjere framstillinga så lett tilgjengeleg at boka kan lesast med utbyte av alle som er interesserte i den norske språkkulturen i mellomalderen.
Handbok i norrøn filologi er eit nasjonalt samarbeidstiltak og har forfattarar frå dei fire universiteta og frå høgskolane i Agder og Stavanger - alle ekspertar på sine felt: Marit Christoffersen, Jan Ragnar Hagland, Jon Gunnar Jørgensen, Else Mundal, Endre Mørck, Karin Fjellhammer Seim og Inge Særheim. Boka er redigert av Odd Einar Haugen ved Universitetet i Bergen.
Odd Einar Haugen er professor i norrøn filologi ved Universitetet i Bergen, redaktør av Maal og Minne og leiar av Medieval Nordic Text Archive. Han har tidlegare forfatta fleire læremiddel i norrønt.
Boken er utgitt av Fagbokforlaget i samarbeid med Landslaget for Norskundervisning (LNU).