Forlaget skriver om denne boka:
Årboka Litteratur for barn og unge er eit forum for kritikk, forsking og formidling.
Å skriva for barn er i prinsippet det same som å skriva for vaksne: I begge tilfelle er det ei kunstnarleg urfordring. Denne urgåva av Årboka LBU tar mellom anna for seg den kunstnarlege sida ved barnelitteraturen.
Det historiske perspektivet er representert i fleire artiklar: Helene Høyrup drøftar H.C. Andersens formval i eventyra, Boel Westin analyserer eg-forteljingar frå 1700- og 1800-talet og Einar Økland går 100 år attende og reflekterer rundt ein tekst av Rasmus Løland.
Samtidslitteraturen er som vanleg breitt representert. Årets portrettintervju er med Tor Age Bringsværd, og årboka inneheld dessutan essay av Stein Erik Lunde og Ragnfrid Trohaug. Den aller nyaste barnelitteraturen blir omtalt av kritikarane Inger Bråtveit og Finn Stenstad. I tillegg til aktuell kritikk, presenterer årboka nytt om formidling: To artiklar tek for seg dei nye leseprosjekta i skolen, som viser at dei unge interesserer seg for gode bøker!
Årboka Litteratur for barn og unge inneheld elles statistikk og fag- og forskingsbibliografi og er ei nyttig handbok for lærarar, studentar, bibliotekarar, kulturarbeidarar, litteraturskribentar, forfattarar og alle andre som arbeider med og interesserer seg for barne- og ungdomslitteratur.