Hausten 2003 førebudde Sunnhordlandsforfattarane seg på sine Sentimentale Festforestillingar, som skulle framførast på Stord og i Bergen. I samband med dette laga fotograf Øyvind Hjelmen ei utstilling av forfattarportrett som gjekk hand i hand med forfattarane si utstilling av tekstar.
Fotografen tok initiativ til å utvikle eit bokprosjekt etter same idé. Forfattarportretta vart fornya og forfattarane vart inviterte til å skriva nye tekstar.
27 forfattarar takka ja til å vera med. Dei fleste er knytte til Sunnhordland med sterke band, andre kanskje med noko lausare trådar.