Forlaget skriver om denne boka:
RUTGER KOPLAND er ein av Nederlands mest kjende poetar. Han blir stadig oftare nemnd som ein kandidat til Nobelprisen i litteratur. Kopland debuterte i 1966 med samlingen Onder het vee (Blant kveget) og har gitt ut 13 diktsamlingar. Nobelprisvinnaren J.M. Coetzee skriv i forordet: "Liksom Leonardo da Vinci er Kopland ein kunstnar som ikkje ser på verdsbiletet til ein vitskapsmann som djupast sett overflatisk eller villeidd. "Eg er objektivist og materialist", skriv han i noko som liknar eit poetisk credo."
Koplands tone er stille. Han snakkar til lesaren på ein inkluderande måte, med enkle ord og vendingar. Ein får kjensla av at han avdekkjer ein sorgmild, nesten nostalgisk atmosfære om "det tapte paradis", om lykka blant epletre eller gras, eller kveget (som i debutsamlinga). Sidan dikta hans er inkluderande og lette å lese, har Kopland eit stort publikum. Han skriv på sitt eige vis om store "kjensler". Men han gjer det på ein så kompleks, tvitydig og underfundig måte at dikta veks for kvar gjennomlesing. Om dikta hans er det sagt at dei er lette å komme inn i, men umulege å komme ut av.