DANSK-NORSK ORDBOG er eit verk som Ivar Aasen arbeidde med i mange år. Han avslutta manuskriptet i 1883, utan å lata det prenta. Aasen skjøna at det var naudsynleg å finna avløysingsord for mange av orda i det dansk-norske skriftspråket, dersom landsmålet skulle koma i bruk på alle område. Her vert den alfabetiske samlinga med ord frå det skriftspråket som då var rådande i Noreg, sett opp med avløysingsorda åt Aasen. Ordboka har ikkje vore utgjeven tidlegare.
DANSK-NORSK ORDBOG AV IVAR AASEN er Utgjeven av professorane Jarle Bondevik og Oddvar Nes, Nordisk institutt, Universitetet i Bergen, og førsteamanuensis Terje Aarset, Høgskulen i Volda. Innleiinga er skriven av Jarle Bondevik og Magne Myhren.
IVAR AASEN-SELSKAPET har i hovudsak til oppgåve å gjeva ut up renta manuskript etter Ivar Aasen, og har planlagt to seriar, Serie A, Tekster, og Serie B, Kommentarar og studiar.