Her kjem ei samling dikt som lenge har vore sakna i norsk bokheim : eit breitt utval av dikta Kristofer Uppdal skreiv i 1920-åra. Samlinga er redigert av Jan Erik Vold, som i etterordet legg fram opplysningar om livssoga til diktaren frå Trøndelag. Vold har fått tilgang til dokument som før ikkje har vore kjende. Uppdaldiktinga: , han som miste alt. Her talar skalden med ei røyst vi ikkje har høyrt før. Åtsongatåstjernom opnar for ei ny forståing av den lyriske forfattarskapen til Uppdal, ved at vi får dikta frå dei katastrofale åra då diktaren var innesperra på sjukehus og familien gjekk i oppløysing. - slik summerer diktaren opp livet sitt, åtti år gamal, i eit intervju som innleier boka. I 2005 er det hundre år sidan Kristofen Uppdal (1878-1961) debuterte. Dei fleste av dei etterlatne dikta har lege urørde i trekvart hundreår.