Finn Øglænd har i mange år definert seg bort frå det poetiske i poesien. Han har avdekka sin eigen tvil og desperasjon kring det å skriva modernistisk poesi på ein måte som har skrapa dei vakre orda bort.
Antipoesi, kallar han diktinga si sjølv. Og i denne boka overbeviser Øglænd i så måte, ja, han er i storform! Her er ei gjennomført ledig og medrivande språkføring, økonomisk i ordforbruket og open for lesaren. Ofte er det svimlande å lese artikuleringane til ein mentalitet som den som kjem til uttrykk her. Full av framandkjensle, tom og stilna. Som er så ambivalent, men som likevel held lesaren fast i språket.