EIN GONG, då Maria framleis budde heime hos foreldra, prøvde ei venninne ut ein slags test på henne. Maria skulle skriva ned kva personar ho assosierte med ulike fargar, kva dyr ho indetifiserte seg med og eit ord ho forbandt med havet. Om havet skreiv Maria "døyvande. Etterpå gjekk dei gjennom svara hennar og venninna forklarte at dei ulike svara representerte ulike ting i livet til Maria. Den personen ein assoisierte med raudt var nokon ein elska, den ein assosierte med kvitt ein sjelevenn. Det ordet ein forbandt med havet skulle seia noko om framtida. Ho spurte kva venninna forbandt med havet. Venninna svarte "rørsle".