Forlaget skriver om denne boka:
Det er ein livsens song under skiene, og eg kjenner han kome opp
gjennom skosolane, vidare kjenner eg han fare
opp gjennom leggane og dei sviande låra
opp motbakken mot Råsjøen, vidare opp gjennom magen, hjertet, halsen
til han fer ut gapet som står vidope. Eg har det travelt og hikstar etter luft
for neste tone i songen er ifølgje takta der oppe på bakkekammen
og er eg der ikkje i tide så han kan gripe meg når han er der, vil eg falle
gjennom det svarte hólet i min natur, ja eg tillét meg å kalle det min natur
endå så vel som eg veit at det er gardbrukar Fearnley i Nittedal
som har skøyte på marka her, granane og kollerundingane, ja er eg
der ikkje i tide vil eg falle gjennom eit svart hòl ut av min natur
og bryte nakken i dumpen etter råkjøyringa ned frå Busterud.