Hopp over navigasjon
    
Søk med mobilen
Omslagsbilde
""
Logg inn øverst til høyre, med nasjonalt lnr for å gi stjernekast
Utgitt:
cop. 2006 . - Bok . - 359 s.
Nynorsk
Hylleplass:
Bestill       Husk denne

(beta)Bli den første til å skrive anmeldelse

NrAvdelingBindPlasseringNoteStatusHylle
1Sølvberget, Magasin U2 På hylla q 948.33 VES
2Sølvberget, 4. etasje På hylla q 948.33 VES
Forlaget skriver om denne boka: Vestlandets historie handlar om Vestlandet og vestlendingen gjennom tidene, om det som bind landsdelen saman og dei lokale forskjellane og motkreftene som skaper spenning i historia. Vi ser Vestlandet både innanfrå og utanfrå, og i forhold til resten av landet og verda omkring. Verket er rikt illustrert med over tusen historiske og unike bilete, nye foto og teikningar, landskapsportrett, biletkunst, rekonstruksjonar og temakart.
Dette første bindet, NATUR OG NÆRING, handlar om samspelet mellom naturvilkår og næringsdrift i landsdelen. Sjøvendinga - frå første stund med fiske og fangst, etter kvart sjøfart, og i nyare tid havbruk og olje- og gassutvinning - har heile tida vore sterk, også etter at mykje av samferdsla er flytta over til land og luft. Landbruket var hovudnæringa gjennom nesten fire tusen år, fram til 1800-talet då industrien slo rot. I dag er Vestlande industrilandsdelen i Noreg, men målt etter sysselsetjing dominerer likevel offentleg og privat tjenesteyting.
Forlaget skriver om denne boka:

VESTLANDETS HISTORIE er den første verkelege landsdelshistoria som blir gitt ut i Noreg. I tre bind tek verket for seg samanbindande tilhøve og samhandling i landsdelen gjennom tidene, men òg motkrefter i form av lokale ulikskapar og spenningar. Vestlandet blir sett både innanfrå og utanfrå i forhold til resten av landet og ei større omverd.

Det første bindet, NATUR OG NÆRING, handlar om samspelet mellom naturvilkår og næringsdrift i landsdelen gjennom tidene. Sjøvendinga frå første stund med fiske og fangst, etter kvart sjøfart, og i nyaste tid havbruk og olje- og gassutvinning har heile tida vore sterk, også etter at mykje av samferdsla er flytta over til land og luft. Likevel var landbruket hovudnæringa gjennom trefire tusenår fram til 1800-talet. Frå midten av dette hundreåret slo industrien rot, og Vestlandet er i dag industrilandsdelen i Noreg. I sysselsetjinga dominerer likevel no offentleg og privat tenesteyting.

Det andre bindet, SAMFUNN, handlar om samfunnsdanning og samfunnsorganisasjon i landsdelen frå mellomalderen til i dag. Landskapa frå Sunnmøre til Agder fekk ein sams samfunnsorganisasjon da dei blei eit eige ting- og lovområde under Gulatinget, og seinare blei heile Vestlandet bunde saman av det dominerande handelsknutepunktet og styringssenteret i Bergen. I samfunnsutviklinga gjennom de siste fem hundre åra legg bindet vekt på det vestnorske bygdesamfunnet, by- og tettstadsutvikling, tilhøvet mellom sentralmakt og vestnorsk periferi, folkerørsler og frivillige organisasjonar. Framstillinga munnar ut i eit oversyn over vestlandssamfunnet i dag.

Det tredje bindet, KULTUR, handlar om den mangslungne og rike kulturutviklinga på Vestlandet frå trusskiftet i mellomalderen til i dag. Opningskapitlet ser vestnorsk identitet i eit historisk perspektiv. Den vidare framstillinga går inn på kristendom og kyrkje i mellomalderen og religiøse forhold i etterreformatorisk tid, særleg lekmannsrørsle og religiøse vekkingar. Det blir gitt eigne oversyn over språkutvikling og litteratur, Vestlandet som motiv i biletkunsten, og utviklinga av musikk og scenekunst. Ein epilog samlar trådane i bindet og heile trebindsverket.

«&eit assortert skattkammer. Eg nøler ikkje med den konklusjonen at det kan vere julegåva til patriotiske vestlendingar.»
Professor emeritus Kåre Lunden i Dag og Tid, 1. desember 2006

«Både i tekst, bilder, register, fotnoteapparat, layout og papirkvalitet oser det av kvalitet»
Ole Kallelid i Stavanger Aftenblad 28. november 2006

«Det går gjerne inflasjon i begrepet praktverk i forlagenes markedsføring i disse førjulstider,
men forlaget Vigmostad & Bjørke kan med rette bruke det om sin nye vestlandshistorie.»
Ole Kallelid i Stavanger Aftenblad 28. november 2006

Vis alltid denne fanen

Bibliotekarenes bokanmeldelser - fra anbefalinger.deichman.no

Vis alltid denne fanen
  • Tips en venn om Vestlandets historie . B. 1 . N
  • Del på Facebook
  • Vis Facebooks Liker-knapp
  • Del på Twitter
  • Vis QR-kode med lenke for mobil
  • Foreslå innkjøp
  • Annen visning

Huskeliste

Lista er tom