Forlaget skriver om denne boka: Dette er historia om sju skip. Me følgjer dei heilt frå dei kom frå verftet i Chicago i 1943, gjennom krigsår i Middelhavet og langs kysten av Vest-Afrika. Til opplag i Sheerness, ombygging og ei lang teneste som ruteskip i Noreg. For nokre av skipa er historia avslutta fordi dei er plukka frå kvarandre på skrotverftet, eller har lagt seg til ro på sjøbotnen. Andre siglar framleis ein eller annan stad i verda, der nokon enno ser nytte i eit 63 år gamalt skip.