Forlaget skriver om denne boka:
Denne skogen og desse knudrete knausane opnar for sitt gigantiske insektliv.
Mørker og følsame tentaklar spelar som blågrøne skuggar over diamanttrea.
Og det lysnar! Krystallar av sol glitrar i borken
og nålene skjelv i brisen frå bekken.
Kven er det som søv som lukka lommeur i vatnet?
Alt er høy er Helge Torvunds 25. diktsamling.
Her utvidar og utviklar han sitt poetiske univers.
Gjennom lange linjer flettar han saman det barokke og det surrealistiske med eit inderleg biletspråk som rører seg på mange plan av tilværet.