Jakob Sande (1906-1967) vart fødd i Fjaler i Sunnfjord. Han debuterte i 1929 og gav ut til saman ni diktsamlingar.
Dikt i samling kom ut første gong i 1956. I 1965 vat det laga ei revidert utgåve, der Sande sjølv hadde tatt ut over førti dikt. No er ei utgåve med alle dikta her, og samlinga inneheld òg dei kjende visene
Julekveld og
Vestlandsvalsen, som ikkje har vore publisert i bokform tidlegare.
Einar Økland har skrive etterord og kommenterer der òg historia om dei ulike utgåvene.