Forlaget skriver om denne boka: I denne boka finn du forklaring på dei mest nytta og viktigaste stadnamna i Rogaland. Det er ei oppslagsbok som gjev svar på spørsmål om namnebruk og namneopphav. Også dei vanlegaste namneledda har fått eigen omtale.
Stadnamna er viktige kulturminne og kulturhistoriske kjelder som gjev oss opplysningar om natur, samfunn, arbeidsliv og førestellingar i tidlegare tider, og - ikkje minst - om språket vårt.
Boka kan nyttast i utdanning, forsking og formidling, i offentleg forvaltning, i allment kulturarbeid og på turar kringom i fylket.