Lille Bosse på ni år bur i Stockholm hos fosterforeldra sine. Mamma er død, og ingen veit kven pappaen er. Bosse drøymer om spenning og eventyr saman med vennen Benke, på jakt etter pappaen som han håpar å finne. Ein dag han sit i ein park, finn han ei flaske, og i flaska finst ei ånd. Ånda er utsendt frå kongen i Landet i det Fjerne for å hente Bosse. Bosse følgjer med og finn både far sin og mange nye venner. Men i Landet Utenfor hersker den vonde riddar Kato. Det beste han veit er å røve små born og forvandle dei til fuglar.
Kjelde: Bibbi-post