Forlaget skriver om denne boka:
Ord kan opne nye sjelelege landskap, skape orden av kaos og gi oss ei bru over til andre. I denne boka viser Helge Torvund korleis orda kan vere forløysande i situasjonar der menneske er i endring. Han fortel om menneske som har hatt behov for å finne nye tenkjemåtar og nye strategiar for å handsame verda, andre menneske og seg sjølv. Då kan orda vera det mektige og spinkle verktøyet ein treng for å kome seg vidare.
Ord og ordmøte kan hjelpe oss på ulike måtar og på ulike stadium i livet. I det terapeutiske møtet kan hypnose vere ei kjelde til auka bevisstheit og opne for nye mulegheiter. Ord kan også hjelpe oss til å endre våre mentale kart og formulere gode sjølvinstruksjonar. Nokre gongar kan kreativ skriving og poesi gi oss eit språk for ting vi elles ikkje har ord for. Torvund ausar gjennom heile boka innsiktsfullt av sine eigne erfaringar som psykolog, diktar og diktlærar.