I Fantasiblikket møter me Petra som tenkjer i bilete og ikkje med bokstavar. Ho hatar å lesa og mistrivst i klasserommet. Ein dag kjem den mystiske Multi rett inn gjennom vindauget hennar og fortel at han reiser rundt og lærer folk å lesa. Kan han hjelpa Petra? Me ser at Petra kan bruka tenkjemåten sin til andre ting enn å lesa, men får òg sjå kva som skjer i det magiske klasserommet som Multi lagar.