Var Knut Hamsun den self made modernisten som han gjerne utgav seg for å vere?
I dette essayet drøftar Eldrid Lunden norsk modernismeforståing, med utgangspunkt i forfattarane Arne Garborg (1851-1923) og Knut Hamsun (1859-1952). Teksten analyserer litterære og historiske føresetnader for forfatterskapa, og inneheld nylesingar av sentrale tekstar og bøker, m.a. Sult og Trætte mænd.
Ein kan trygt seie at Eldrid Lunden torpederer vedtekne sanningar med denne boka. Det er på tide at Arne Garborg blir lesen som den moderne forfattaren han var, og det framstår som minst like presserande at dei ideologiske premissane, som Hamsun sjøl la for forfattarskapet sitt, blir lagt under lupa.
Lundens essay set lesaren på sporet av det som ein framleis må kunne kalle ei europeisk tidsånd. Den modernismen som ho skriv om let seg ikkje forstå som eit tilbakelagt stadium. Modernismen er framleis til stades - som arv og reaktivert prosjekt - og i Lundens personlege rytme og stil.