Forlaget skriver om denne boka:
Dette er boka som heile pop-Norge har venta på: ei nærmast fullstendig oversikt over Ragnar Hovlands platesamling. Frå dei første perlene frå Ønskekonserten via tysk post-punk til den klassiske hip hop-singelen "Double Trouble Remix".
Hovland avslører både god og dårleg smak, og viser såleis for ein gongs skyld menneske lege sider. Ikkje minst ved å innrømme at han har vore forelska i Barbra Streisand. Her er endeleg pophistoria slik den skulle ha vore skriven, og ingen har frå no av noka orsaking for ikkje å vite kven som til ei kvar tid spelte i John Mayalls Bluesbreakers.
Dette er verdas mest subjektive popleksikon, i tillegg til ein musikalsk sjølvbiografi, og forfattaren tar ikkje imot kritikk, verken for eigne vurderingar eller for alle dei som ikkje kom med.