Himmelen over Vålandskogen er Tor Obrestads første diktsamling på ti år. Lesaren vil med glede kjenna att motiv frå hans tidlegare diktbøker: Her er dikt om landskap og dikt om folk som bur i dette landskapet. Her er dikt om kjærleik, barn og englar. Og her er dikt om dei store rørslene i tida og om det å bli eldre. Tor Obrestad kan som få andre poetar spora opp løyndommane i natur og landskap, og han portretterer menneska rundt seg i ei rad kjenslevare og vitale dikt.