I Soga om Olav Sleggja møter vi trælen Olav, som står i gjeld til kong Olav Tryggvason. Han skal gjere eit siste oppdrag for kongen før han er fri: å drepe bror til kongen.
Oppdraget endar med at Olav Sleggja blir lyst fredlaus. Sleggja har mykje å hemne, og etter kvart sit kroppsdelane laust rundt han.
Soga om Olav Sleggja har fanga tonen frå sagalitteraturen i teikneserieform, med beksvart humor og korthogne replikkar.