Forlaget skriver om denne boka:
Da Tarjei Vesaas i 1957 gav ut Fuglane, vart boka kalla eit mesterverk av kritikarar i heile Skandinavia, og hans mange lesarar i inn- og utland fekk eit nytt prov på at han er ein av dei utvalde, ein visjonær kjennar av menneskesinnet.
På botnen er det ein djuptloddande psykologisk roman, men i det ytre ei velsigna enkel forteljing om Mattis, eit livets stebarn med veik hjerne og reint hjarte som utan dei andres stønad står hjelpelaus og verjelaus mot verda. Han og systera Hege har gått saman i mange år i ei lita stove attmed sjøen. Så finn Mattis ut at han vil gjere nytte for seg som ferjemann. Langt om lenge får han sin første passasjer, ein tømmerhoggar som slår seg til i huset hos Mattis og Hege. Nå er ikkje Mattis lenger åleine om kjærleiken til systera, og lesaren følgjer kampen om henne med intens spaning medan forteljinga toppar seg mot klimaks. Det er ei underleg rik og levande bok, boren av djup medkjensle og med innslag av vemodig humor som tek brodden av alt det såre.