Forlaget skriv om denne boka:
Hugsar du tilbake til 1950- og 60-talet? Då mange enno ikkje hadde innlagt vatn eller straum, men boka "Vi som koker elektrisk" var ein salsvinnar.
Maten var heimelaga, kjøleskåpet nymotens og frysaren ukjend. Ungane gjekk i heimestrikka genserar, og det meste av dukar og sengeteppe, forkle og grytelappar var laga av mor, svigermor eller bestemor. Koppar og tallerkar kom frå Egersund eller Porsgrunn. Lenestolar og salongar tok til å bli vanlege, men dei færraste hadde fjernsyn, og datamaskiner hadde enno ingen høyrt om.
Retro er ei minnebok om barndomen og oppveksten til tre systre frå Aukra i Romsdal med bilete av det som fanst i dei fleste heimar. Det er ei bok mange vil kjenne seg att i, med ein stil som i dag er på moten igjen og vert kalla "retro". Dette er ei bok om dagleglivets kulturminne, både før og no.