Forlaget skriv om denne boka:
I 2011 er det 150 år sidan forfattaren Rasmus Løland blei fødd. Løland var ein pioner i barnelitteraturen. Han skreiv direkte og levande til ungane, historier som skil seg frå eventyr og bibelhistorier.
Denne boka handlar om å bli lesen for, ho handlar om kvifor Løland var ein pioner og ho handlar om arven etter han i den nynorske barnelitteraturen.
Her fortel mellom andre Herborg Kråkevik om kva ho les for dottera si, her fortel Ingelin Røssland om korleis det er å vera forfattar og besøka skuleklassar, og her fortel Arnt Birkedal om kva posisjon Løland har og har hatt i litteraturen. Denne boka er for deg som har blitt lesen for og for deg som likar å lesa for barn.