Forlaget skriver om denne boka:
Sigmund Skards liv som lyrikar femner no om meir enn femti år. Diktsamlingane hans fram til hundreårsmidten var merkte av spaninga mellom ei intens oppleving av "det norske" i vidaste meining og eit like sterkt engasjement internasjonalt, ofte symbolisert i vårt forhold til USA. I dei fem store samlingane hans frå siste tiåret er perspektivet framleis globalt, ja stundom kosmisk. Men i stigande grad er dikta no "kjernelyrikk", samla kring dei menneskjelege problem ved det å bli gammal. Dei syng om alderdoms angst og vemod, om trassig livsvilje, og om ein sigrande resignasjon. Mest hyllar dikta likevel ein personleg kjærleik, som gir kraft både til å leva og døy.