Forlaget skriv om denne boka:
Ein forfattar har skrivesperre, og forlaget masar i veg om den store sjøromanen han har lova å skrive.
Men livet skriv seg sjølv. Forfattaren er på veg mot noko, både på det indre og ytre plan. Dette noko har ein klar samanheng med ei dramatisk hending som ein gong endra broren sitt liv, og dermed også familien si historie.
På sin veg gjennom velkjende norske landskap og meir ukjende draumelandskap, blir forfattaren heimsøkt av livet han har levd, og nærmast forfølgd av folk som vil skrivast inn i bøkene hans.
Stille natt er ein stor og vakker roman om kjærleik, tap og mørke familiehemmelegheiter.