Det er eit stort tap for den vestlege sivilisasjonen at den norrøne litteraturen er så lite kjend. Av den grunn har den før-kristne fortida vore overlaten til fri fantasi, anten eit harmonisk paradis eller eit blodig kaos. Men ifølgje eddadikt og saga hadde ikkje heidningane dårlegare styring med impulsane sine enn folk har no. Sjølv om det nok hende at dei slo kvarandre i hel, sette dei like mykje pris på lov og orden som oss. Ikkje ein gong når det gjeld naturgitt mannleg trong til kontroll med kvinnene, finn ein støtte der, for styrke og ærekjensle var like attraktivt hos kvinner som hos menn.
Valkyrjesong er ei kulturhistorisk utflukt som startar i verdsbyen Konstantinopel, der Harald Hardråde var sjef for væringkorpset, og der keisardottera Anna Komnena var augevitne til det første korstoget, men ikkje la merke til Sigurd Jorsalfar, endå han gjorde sitt beste for at alle skulle sjå han.
Ved å samanlikna gammal litteratur med nye filmar og norrøne soger med vår tids sogespel, finn Solveig Aareskjold terping på ufrivillig sex, mens dei gamle forteljingane talar like frimodig om kjærleik som om død. I godt selskap med jotnar og valkyrjer reflekterer ho over korleis mytologien avspeglar livet til verkelege kvinner og menn. Til slutt endar ho opp på Island, som er verdsens midtpunkt når det gjeld arven frå heidensk tid.