Huck Finn flykta frå sin fordrukne og brutale far på ei flåte nedover Mississippi-elva. Som følgesvenn har han med seg slaven Jim som også er på rømmen. Dei er på veg til nordstatane der Jim kan få oppfylt sin store draum om å bli eit fritt menneske. Men Huck og Jim køyrer feil og hamnar i staden midt i slaveriets rike. På turen opplever dei to mange spennande, morosame og farlege eventyr. Forteljinga er ein verdsklassikar som tek lesaren tilbake til ein tidsepoke der slaveri og rasistisk diskriminering var vanleg. Forteljing for mellom-/ungdomstrinnet.