Dette er ei bok full av ærlege historier om familieliv i dag. Her møter vi heimeverande, deltids- og fulltidsarbeidande og får eit uvanleg innblikk i korleis småbarnsforeldre i dag organiserer kvardagen. Her kjem både søvnmangel, frustrasjonar, samanbrot og gleder fram. Boka handlar òg om småbarnsmora Olaug Nilssen, som innsåg at ho måtte vere meir heime. Ho valde annleis etter at ho fekk barn, særleg etter at det synte seg at den eine sonen hennar har særskilte behov. Olaug Nilsen har skrive bøker i ulike sjangrar og markert seg som ei viktig stemme i norsk litteratur. Ho er særleg kjend for "Få meg på, for faen" (2005), som og er filmatisert.
Ofrar du barna for eit umenneskeleg karrierejag? Lar du dei veksa opp i barnehagen? Eller er du så dum at du vel vekk karriere, pensjonspoeng og inntekt?
KJØKENBENKREALISME er ei bok full av ærlege historier om familieliv i dag. Du møter heimeverande, deltids- og fulltidsarbeidande og får eit uvanleg innblikk i korleis småbarnsforeldre i dag organiserer kvardagen. Her vert ikkje småbarnstida idyllisert, men både søvnmangel, frustrasjonar, samanbrot og gleder kjem fram.
Boka handlar òg om småbarnsmora Olaug Nilssen. Det er ei rørande historie om hennar veg frå mykje jobbing og reising til å innsjå at ho måtte vere meir heime. Olaug Nilssen valde annleis etter at ho fekk barn, særleg etter at det synte seg at den eine sonen hennar har særskilte behov.