Ragnar Hovland var i mange år litterær konsulent på Det Norske Samlaget. Eit par dagar i veka hadde han tilgang til eit kontor og ein pc. Dette resulterte i eit bombardement av kortare og lengre e-postar til dei tilsette, og vekas høgdepunkt har for mange vore nettopp Hovlands kontordagar. I denne boka er ein liten del av denne verksemda fanga opp, alt frå Hovlands fråværsassistentar via små oneliners til livsfunderingar og ymse forbrukartestar. Med denne boka får fansen innblikk i ein hittil skjult del av forfattarskapen.