I denne samlinga tek diktaren oss med på ei reise innover og bakover i tid. Musikken, og særleg pianoet, er eit gjennomgangstema. Forlaget omtalar boka som eit diktverk som utstrålar stor ømheit for dei ulike dimensjonane i tilveret. Lars Amund Vaage har tidlegare skrive ei rekkje noveller, barnebøker og romanar, mellom anna «Syngja» (2012) som han fekk Brageprisen for.
Med Den raude staden har Lars Amund Vaage skrive eit rikt og komplekst diktverk som utstrålar stor ømheit for dei ulike dimensjonane i tilveret. Diktaren tek oss med på ei reise innover og bakover i tid. Han får besøk av dei døde, av mora og av faren. Musikken har ei viktig rolle i diktarens liv, og vi ser han ved pianoet som barn, ung og som vaksen mann. Dikta knyter seg til musikken som noko anna og kan hende meir varig enn orda. Musikken blir og eit bilete på det vedunderlege og samansette i livet, det vakre vi ser i dødens skugge.