I denne boka har Solveig Aareskjold samla tekstar om tøffe jenter gjennom tre tusen år. Her møter vi ei rekkje sterke kvinner, frå den sjølvrådige kongsdottera i Odysseen til heltinna i Jane Austens Northanger Abbey og Katniss i The Hunger Games. Tekstane følger litteraturhistoria gjennom romartida, vikingtida, renessansen, barokken, atten- og nittenhundretalet og fram til vår tid. Målet med boka er at ungdom og foreldre, elevar og lærarar skal bli kjende med ein litteratur der jenter og kvinner er synlege i gode og spanande forteljingar. Dette uavhengig av om dei leitar etter kjærleik, søkjer mot det ukjende eller mot trygge stillingar i sitt eige samfunn.
Tøffe jenter gjennom 3000 årFor tre tusen år sidan drøymde ei ung jente om å møte den store kjærleiken, og fann ein skipbroten utlending som var heilt avhengig av henne. Dette utdraget frå Odysseen står først i denne boka. Deretter følgjer tekstar frå romartida, vikingtida, renessanse og barokk, attenhundretal og nittenhundretal, fram til Suzanne Collins' The Hunger Games frå 2008. Trass i kvinnefrigjeringa har det til no vorte henta fram lite eldre litteratur med jenter i hovudrolla.Målet med Lesebok for jenter er at ungdom og foreldre, elevar og lærarar, skal bli kjende med litteratur der jenter og kvinner jaktar på lukka på lik linje med gutar og menn. Dei leiter etter kjærleik, dei søkjer mot det ukjende, eller mot trygge stillingar i sitt eige samfunn. Somme av dei flyt ovanpå, andre møter utfordringar som krev alt dei har av kraft og vågemot, og endå litt til.