Eldrid Lunden har vore ein av pionerane i arbeidet med å opprette forfattarstudier i Noreg. Ho var kunstnerisk leiar ved forfattarstudiet i Bø frå oppstarten, og etter 29 år i stillinga har ho unik erfaring og historisk kompetanse på dette området. Her skriv ho om faget og studiet si foreløpig korte historie, og om framtidige utfordringar. Ho spør mellom anna kvifor forfattarutdanninga blei til, kvifor ho har fått si noverande form, kva for kreftar som jobba imot, kva som kunne ha vore annleis og ikkje minst - om det heile har noko for seg.