Denne boka inneheld to titlar frå den tidlegaste prosaen til poeten og romandiktaren Kristofer Uppdal. 'Ved Akerselva' frå 1910 er den einaste boka med korte forteljingar Uppdal skreiv, medan 'Ein slusk da han var barn' er ei forteljing som vart funnen tretti år etter forfattarens død. Den har aldri vore trykt tidlegare. Forteljinga er ei rå skildring av inngangen til 1900-talet frå perspektivet til ein sårbar gut. Forord av Arild Bye, etterord av Jan Erik Vold.