Dei står utanfor butikken eller sit på gata med ein kopp og ei bøn om hjelp. Tiggarar frå Romania må tåle mange ukvemsord - dei blir kalla bandittar, tyvar og menneskehandlarar. Men dei utstrakte hendene tilhøyrer alle menneske med familie, draumar og historier. Åsne Valland Nordli flytta som ung nybakt mor til hamnebyen Constanta i Romania. Med trua på at det er mogleg å gjere ein forskjell, blei familien buande der i fem år. Dei arbeidde for å hjelpe fattige, særleg gateborn. I denne boka fortel ho si historie, og historia til fattigfolka som blei dei nære vennene hennar. Det har blitt ei bok om tru, mot og motgang. Omtalen er utarbeida av BS.