Knut Hamre er ein av våre fremste utøvarar på hardingfele. Som barn banka han på dørene til alle naboane i heimbygda Granvin - han ville inn og spele for dei. Sidan har han via livet sitt til instrumentet og å lære kunsten vidara til kommande generasjonar. Benedicte Maurseth har vore Knut Hamre sin elev i over 20 år. Når ho ser tilbake er det samtalane mellom dei som har vore den viktigaste delen av opplæringa. I denne boka samtalar dei to om mellom anna kunst, dikting, medkjensle og mystikk. Føreord av Jon Fosse.