«Jordmor på jorda» er eit livsdrama og eit mektig kvinneportrett. Edvard Hoems tippoldemor, Martha Kristine Nesje, gjekk i 1821 den lange vegen frå Romsdal til Christiania for å bli jordmor. Då hadde ho to barn, den minste var knapt eitt år gammal. Ferdig utdanna gjekk ho heim igjen, og praktiserte som jordmor i bygdene ved Romsdalsfjorden i meir enn femti år. Mistrua til dei første jordmødrene var sterk, og dette fekk følgjer både for Martha Kristine Nesje og familien hennar. For kva er prisen for å følgje eit kall? Ut frå få historiske fakta skriv Edvard Hoem fram Martha Kristine Nesje med stor dikterisk kraft. Dette er forteljinga om ei husmannsdotter som verken ville ta namnet til ektemannen eller bøye seg for bygdesnakket, og det er forteljinga om framveksten av det viktige jordmoryrket. Med denne romanen har Edvard Hoems slektskrønike, som opnar med «Slåttekar i himmelen» (2014), fått eit dramatisk forspel. Marta Kristine og Hans Nesje er stammor og stamfar til den store etterslekta vi møter der. Romanen bygger på «Jordmor på jorda» (2008), ein roman som blei skriven på oppdrag frå Den norske jordmorforening. Denne romanen, som har fått tittelen «Jordmor på jorda. Huset under Blåhammaren» (2018), er kraftig revidert og utvida.