Forlaget skriver om denne boka:
I denne romanen går trådane tilbake til dei vanskelege trettiåra da Siv, broren Vetle og Granumsonen Jorleiv voks opp. Vetle og Siv på småbruket Rismyr, Jorleiv på storgarden Granum. Jorleiv har alt som ikkje Vetle har, no dreg han til seg Siv, systera. Vetle gjev seg sjølv ein lovnad, han skal verta noko stort, slå seg fram, slå ut Granumsonen. Men for å nå målet, har han bruk for Siv i fyrste omgang. Ho var eit naturbarn, ho hadde rikdomen i seg sjølv. Når ho vart riven bort frå dette, gjekk det gale, noko Vetle ikkje hadde rekna med. Sidan kjem angeren. Han prøver å rett opp att, men alt er for seint. Vetle kjem att som det vonde samvitet. Jorleiv blei vaksen utan Siv.