Alexandra er ei kvinne på femti. Pianistinne. Ho er nettopp død. Ein ung slektning får i oppdrag å ordne dei etterlatne papira hennar, brev og notat. Her møter vi ei anna kvinne enn den familien trudde ho var.
I brev etter brev - dei fleste ikkje sende - skriv Alexandra heim til den unge elskaren sin. Ho har busett seg i ein liten italiensk landsby, der ho kan leve ei stund for pengar ho fekk for flygelet sitt.
Alexandra prøver å forstå kva livet har gitt henne. Når aldringa set inn med brutal kraft, kejm angsten for å misse evna til å bli elska og sjølv elske, angsten for ein alderdom utan venleik. Ho slit også med å få forståing for alle dei år som har kasta liding - og lys over Europa, over verda.
Ei nesten brutalt åpen bok, som Marie Takvams siste diktsamlingar, om kvinners sårbarhet og kvinners styrke i ei vond og rik verd.