Forlaget skriver om denne boka:
Ein gong rømde eg frå Ølve. Det er lenge sidan no. Det var den siste dagen nokon arbeidde på den gamle Verven. Det var for tidleg, eg skulle ha venta, men eg orka ikkje meir. Eg sneik meg ut langs vegen som ein tjuv om natta, skulle nå den siste ferja. Det var inga glede, absolutt inga glede. Eg hadde rømt så mange gonger. Før eller seinare må du innsjå at du ikkje kan røma lenger, for du har alltid deg sjølv med deg.