Klassisk og moderne frå Island! Islandsk barnestrikk inneheld både klassiske og moderne oppskrifter til barn frå eitt år og fram til skulealderen. Her får du klede særskilt tilpassa barnehageungane! I boka finn du tradisjonelle genserar og jakker med nydeleg islandsk mønster, men også heile dressar, varme bukser og kjolar. Boka inneheld også mindre prosjekt som sokkar, luer og halsar. Kleda er både behagelege og varme, dei er tilpassa eit nordisk klima, men skal kunne brukast både inne og ute. Oppskriftene eignar seg for både nybyrjarar og vidarekomne. Du kan velje mellom tradisjonell islandsk ull og andre gode garnalternativ.
Islandsk barnestrikk inneheld både klassiske og moderne oppskrifter til barn frå eitt år og fram til skulealder. Her får du oppskrifter på tradisjonelle genserar og jakker med nydeleg islandsk mønster, men også kjolar, heile dressar og varme bukser. Her er også mindre prosjekt som sokkar, luer og halsar. Plagga er særskilt tilpassa barnehageungar, og kleda er behagelege, varme, og godt eigna til eit nordisk klima.
Til oppskriftene er det fleire ulike garnalternativ. Du kan velje mellom tradisjonell islandsk ull og andre gode garn, og du kan bruke garn i ulike prisklassar. Her finn du alt frå enkle oppskrifter for nybyrjarar til meir avanserte utfordringar for dei meir erfarne.
Forfattarane er røyne strikkarar som har designa og strikka barneklede i årevis.