Langt inne i skogen låg eit hus som ingen ville bu i lenger. Malinga heldt på å detta av veggane, og fjølene som hadde vore kvite, var no svarte som mold. Eg var ein gut som gjekk og håpte det skulle skje eit mirakel. Eg gjekk til skulen med ranselen min. Eg gjekk heim til mor mi og sa at det ikkje hadde skjedd noko. Inne meg var det noko som ... Det var liksom ein framand fyr der.