Område 51 er eit hemmelig territorium i Nevada der det amerikanske forsvaret testar ut fly og våpensystem. Det er også kontrollsenter for avanserte dronar. Her blei det legendariske U2-flyet prøvd ut, og viktige delar av teknologien bak måneferdene utvikla. Område 51 er ei skjult, underjordisk verd som ikkje er plotta inn på kartet og som er befolka med personell som ikkje står på offisielle lønningslister. Tekstane i denne samlinga er del av eit musikalsk samarbeid med Morten Qvenild. Område 51 blei opprinnelig til som tingingsverk for EnergiMølla og Kongsberg jazzfestival og blir no utgitt både som bok og plate (Grappa, 2019).