Ei kortfatta, engasjert innføring i språkhistoria frå urnordisk til 1800-talet.Denne boka fortel historia om språket me kallar norsk. Ho byrjar på eit tidspunkt då det slett ikkje er opplagt at det var same språket som me snakkar i dag, og fylgjer det fram til 1800-talet og dei tradisjonelle dialektane. Forfattaren gjev ei innføring i språkhistorie som fagdisiplin, korleis me kan finna ut noko om eldre språk, og korleis språkhistoria kan forklara trekk ved moderne norsk. Framstillinga fylgjer hovudlinene i utviklinga av både skrift og tale, med ekstra vekt på gamalnorsk og språket i den norrøne litteraturen, og mellomnorsk, då mange av endringane til dei norske dialektane skjedde. Boka er studentvenleg med gode forklaringar av sentrale omgrep, refleksjonsspørsmål og ei rekkje tekstdøme. Dimed høver ho godt som pensum på emne i norsk ved universitet og høgskular. Ivar Berg er professor i nordisk språkvitskap ved Institutt for språk og litteratur, NTNU. Han forskar på korleis norsk språk har utvikla seg gjennom historia og underviser i bl.a. språkhistorie, grammatikk og dialektar. Berg har gjeve ut ei rekkje vitskaplege artiklar om ulike sider ved norsk språkhistorie.
Denne boka er ei innføring i norsk språkhistorie frå urnordisk fram til 1800-talet. Forfattaren gir ein introduksjon til språkhistorie som fagdisiplin, korleis ein kan finna ut noko om eldre språk og korleis språkhistoria kan forklara trekk ved moderne norsk. Her fylgjer vi dei store linene i utviklinga av både skrift og tale. Det er lagt vekt på gamalnorsk og språket i norrøn litteratur, og mellomnorsk, då mange av endringane i norske dialekter fann stad. Boka er særleg tilpassa studentar med omgrepsforklaringar, refleksjonsspørsmål og mange tekstdøme. Omtalen er utarbeidd av BS.